onsdag 29. mai 2013

Celebert besøk

 I kveld har me hatt celebert besøk frå AK Maskiner Bergen.
Det er dei som har levert innreiinga og mjølkesystemet i den nye fjøsen.
Dei har snakka om i minst eit år at dei skal kome på besøk for å sjå nyefjøsen,
i dag kom dei seg endeleg ut frå kontora for å sjå på at bonden jobbar. :)

 Jan Magne fortel ivrig om korleis dei ulike systema i fjøsen fungerer.
Fôring med traktor og avlessarvogn vart også demonstrert. Bilete av sjølve fôringa kan de sjå i eit tidlegare innlegg.

 Vår stakkars avløysar, Jorunn Åse, fekk brått litt vel mange tilskodarar i mjølkestallen,
men ho tok det med eit smil. :) I dag tidleg hadde ho med seg Håvard i fjøsen og i kveld ein skokk med AK folk. Me får håpe ho likevel kjem att i morgon. :)

 Roger er grillmeister og serverer grillribbe og pølser av ypperste klasse.
Me stod for grill og terasse, dei stod for maten.

Mat og svært godt selskap på Keilegavlen.
Petter et og Bjørn heldt tellinga. ;)

 Tusen takk for ein kjempeflott og koseleg kveld!
Dette må gjentakast. :)
Her er bonden i lag med AK gjengen, Torunn er som vanleg bak kamera.

tirsdag 28. mai 2013

Bryting

I dag har Jan Magne holdt på å bryte opp ei jord som skal bli atlegg.
Eit atlegg er ei mark der ein har snudd om jorda og sådd i på nytt.
I vinter då det var mykje tele i jorda, om lag 30cm, vart denne slåttemarka grøfta på nytt, då det stod mykje vatn på jorda og den ofte var blaut.

Det var lagt om lag 10 grøfter og det er 6 meter mellom kvar grøft.
Den lengste grøfta er på 150 meter, medan det til saman er 1350 meter med grøfter.

Grøftene blir laga ved at dei er smalast i botn og vidast opp mot toppen.
Desse grøftene er, som me skreiv i innlegget under, i snitt 80 cm djupe, medan dei djupaste er 120 cm. På denne jorda er det leirbotn nokon som medfører at ein ikkje treng legge singel eller eit plankebord i botn. Her kan ein legge eit drensrøyr rett på leira.

Biletet over viser ein del av jorda. Til venstre er det som er ferdig bryte, medan det til høgre viser grøftene (jorda som er graven opp frå grøftene ligg langs kantane) og det som skal brytast.

Eit drensrøyr er eit røyr med små hol i.
Dette brukast i botn av grøftene slik at vatnet vert leia inn i røyra via hola og dermed vert leia vekk frå jorda slik at slåttemarka vert tørrare i våte periodar.

Oppå drensrøyra legg ein singel og deretter ein vegduk eller fiberduk.
Duken leggjast for at ikkje hola i drensrøyra skal tettast att med jord og liknande.

 Lunsj på Hilux`en med is, cola og rundstykker. :)

 "Kva er det Håvard driv med her? Har han ein pinne til meg kanskje?!"

I dag har Torunn og Håvard mjølka kyr og Jan Magne har bryte opp jorda.
Håvard og Torunn har kost seg med litt traktorkøyring og. Det er kjekt å vere på besøk på ein gard der det er mykje spanande som skjer.
Middag på terassen og me gjer oss klare til celebert besøk i morgon. :)
Det vert spanande og eit nytt innlegg kjem nok i løpet av i morgonkveld.

søndag 26. mai 2013

Det er kjekt med god hjelp!

 I dag har me vore så heldige at me har fått besøk heilt frå Kirkenes!
Eine søstra til Torunn, Berit, og eldste sonen hennar, Håvard, på 13 år kom med fly frå det flotte nord i dag. Håvard gjekk rett i fjøsen med onkelen på kvelden. Han kosar seg i fjøsen og har blitt kjempeflink! Mjølkar alle kyrne og hugsar det meste sidan han var her sist i oktober. Over ser du bilete av då han lagar klar spon til å strø i lausdriften til kyrne.

 Her vaskar han ei ku rein på juret og gjer ho klar til mjølking.

 Påsetting av organ til mjølking.
Det er godt med så god hjelp i fjøsen.

 Flotte, hjelpsomme drengen!
Me krysser fingrar for at han vert den nye sommaravløysaren vår om nokre år. :)

465 kvilar seg medan ho vert mjølka.

I går vart me ferdig med kunstgjødninga og svogeren vår, Dag, starta å bryte opp eit atlegg i Leirvågen. Jan Magne har grøfta opp ei mark på om lag 10 daa i vinter i lag med Dag og ein annan. Det var då om lag 30 cm med tele i jorda og grøftene er 120 cm på det djupaste, men snittet er på 80 cm. Det var for mykje tele i jorda til å få brutt opp heile stykket. I går starta Dag å bryte opp atlegget, det vil seie at han vha gravemaskin graver heile marka opp heilt ned til grøftedjupna. Dette for å få sand, silt og litt leire opp i toppen. Ein får samstundes ordentleg med luft i jordlaga. Jan Magne skal fortsette med dette no i veka. Me håpar på å få sådd dette til i løpet av juni.

Me har fått litt tilbakemeldingar angåande kommentarfeltet. Dersom du ikkje har google (gmail) eller wordpress konto eller liknande kan du legge inn kommentar ved å velge profil; Navn/nettadresse. Dersom du ikkje har nettadresse, legg du kun inn navn og så legg inn ein kommentar. Då får me opp namnet ditt i stadenfor anonym. ;) Me vert veldig glade om de vil legge inn kommentarar og ekstra glade om de legg inn på denne måten og ikkje som anonym. ;)

fredag 24. mai 2013

Gjødsling

 Då er endeleg gjødslinga i gong!
Graset er kome for langt no, så det kan ikkje spreiast ut meir møk før mellom slåttane. 
Kunstgjødninga er dyr, men det må brukast dersom ein skal få nok avling då den har kraftigare samansetnad av næringsstoff enn det møka har.

 Her står Jan Magne klar med ein storsekk med 22-2-12 og ventar på at faren, Hans, skal kome med gjødselspreiaren for påfyll. Hans hadde lyst til å køyre ut gjødninga i dag så Jan Magne fyller opp spreiaren etterkvart. Spreiaren tar akkurat ein storsekk med gjødsel.
Scott er sjølvsagt med. :) I dag er det strålande sol og blå himmel, men 15 grader og ein nordavind som gjer det noko kaldare. Det er flott ver for gjødsling, og så håpar me på litt regn slik at kunstgjødninga får ordentleg kontakt med jorda.

 "Fatter´n i farta" :)

 Her fyllast spreiaren opp med ein storsekk med NPK 22-2-12.
Kunstgjødninga består av nitrogen (N), fosfor (P) og kalium (K), dette er hovudstoffa. Resten er ulike andre næringsstoff. Tala angir, som oftast, den prosentvise samansetnaden av dei ulike næringsstoffa. Denne gjødninga, NPK 22-2-12, er samansett av 22% nitrogen, 2% fosfor og 12% kalium. Der det har vore møk på marka brukar ein, som oftast, NPK 22-2-12, medan der ein ikkje har brukt møk brukar ein NPK 18-3-15. I tillegg tar ein jordprøvar kvart fjerde år og i samråd med Norsk Landbruksrådgjevning set ein opp ny gjødselplan. Det vert då vurdert kva type gjødsel ein skal bruke på kvar mark.

 Her er gjødningen kome i spreiaren og er klar til å køyrast ut.

Denne marka er her ferdig og du ser såvidt hjulspora etter traktoren.

For om lag to veker sidan tok me mjølkeprøvar av kvar ku og sendte inn til TINE, då me fekk resultata tilbake viste det seg at ei ku hadde eit skyhøgt celletal! I tillegg var det fire til som låg noko for høgt. Den med høgast celletal har sidan det blitt mjølka på spann og mjølka har gått til kalvane. Ho har ingen teikn på jurbetennelse (mastitt), med t.d. slintrar i mjølka, hardt og raudt jur, feber eller dårleg matlyst. Ho er frisk og fin, men har eit høgt celletal. Av desse fem kyrne tok me ut speneprøvar på tysdag kveld. Det er då ein prøve frå kvar spene på kvar ku som sendast inn til analyse til Veterinærinstituttet der dei sjekkar for bakteriar og resistens. Mjølkeprøvane og celletal kan du lese meir om her. Det vert spanande å sjå kva resultata vert. 

lørdag 18. mai 2013

Gardshistorie

Gardfloren og linselusa, Scott. :)
Keilegavlen ligg nord i Lindås kommune og sør på Keileøya.
Garden er omgjeven av sjø med Risaosen i sør og aust, Mjåsundet i aust og Keilegavlsvika i vest.
Keilegavlen fekk vegsamband mot nord i 1960 og elektrisk straum i 1954.
Namnet Keilegavlen er sat saman av to ord. Ordet "keilo" tyder smalt sund, liten renne eller kanal, og har namnet etter det tronge Keilesundet. Endinga "gavl" tyder framspringande bergvegg og er truleg etter det berglendte neset søraust på garden.
Det er hevda at det har budd folk på Keilegavlen 4500 år tilbake i tid, men garden er første gong nemnd i 1329. Garden låg aud etter Svartedauden og vart ikkje nemnd att før i 1620, då skriven Kilegaffel. Den første namngjevne brukaren var Hans Kilegafuelen i 1665 (utifrå Bygdeboka for Lindås er dette Jan Magne sin tipp tipp tipp tipp tipp tipp tipp oldefar :) ). I manntalet i 1666 var garden nemnd som ryddingsplass, det tyder at den hadde lege aud så lenge at den måtte ryddast på nytt og nye hus måtte setjast opp. På 1700-talet vart det skrive Keilegavlen i kyrkjebøkene. 
På biletet over ser du ein uteflor (gardflor) som første gong vart bygd i 1845. Den vart flytta og bygd opp att i 1928. Gardfloren ligg om lag 250 meter aust for våningshuset, og ligg ved inngongen til hovudbeitet. 
 Gardfloren vart nytta på sommaren. Kyrne vart då mjølka her medan dei gjekk på beitet.
På biletet over ser du eit bumerke, det er rissa inn i den nordre veggen på gardfloren.
Eit bumerke vart i eldre tider nytta som eit kjenneteikn på ein person, kjernefamilie eller eigar av ein eigedom. Det vart nytta til å merka dyr, gjenstandar og bygningar med. 
På garden er det og fire naust. Eit er bygd i 1861 og vart restaurert i 2012.
Eit vart bygd i 1854 og restaurert i 2012.
Biletet over viser eit garnnaust som vart bygd i 1868 og restaurert i 2001.
På ein fråskilt hyttetomt var det ein grunnmur etter eit naust som tilhøyrde hovudbruket. Denne var frå 17-1800-talet og vart restaurert på slutten av 1960- talet.

Garnnaustet sett frå Vikinggrava.
 Bruket har to potetkjellarar der den største ligg om lag 30 meter nordvest for våningshuset (biletet over). Denne var bygd i 1894.
Den andre ligg i "Ålen" om lag 60-70 meter vest for våningshuset (biletet over)
Det er usikkert kva årstal denne var bygd i.

Biletet over viser potetkjellaren i "Ålen". Begge potetkjellarane er heilt inntakte og flott oppbygde.
 På hovudbruket er det og ein del steingardar, til saman på om lag 700 meter.
Den eine er svært fint bygd og er om lag 50 meter lang og 2,15 meter høg. (biletet over og under).
Denne var bygd på starten av 1900-talet.
Keilegavlen var ein liten gard i Lindås kommune, målt etter skatteskuld og folketal. Den gamle landskulda og skatteskulda var begge på 18 merker smør.
Det er fleire fornfunn på garden. Det er bl.a. funne ei steinøks og  eit stykke av ei klebersteinsgryte. Gryta vart nytta til å støype sølvbarrar i. Desse er på museum i Bergen.

Det er og ein gravhaug på bruket som er ein freda gravplass som mest sannsynleg stammar tilbake til Vikingtida rundt år 1000 f.Kr. Gravplassen ligg om lag 70-80 meter nord for naustvika. Gravhaugane vart bygd med ein "krans" av steinar rundt så var sjølve gravplassen i midten. Gravhaugen "peikar" mot sør. Bilete kjem seinare.
 Denne skal Jan Magne, i følge han sjølv, nytta ved sin bortgang. :)

Kjelder: Bygdebok for Lindås, band 4, og Hans Keilegavlen (far til Jan Magne).

I dag er det over 25 grader i skuggen, Jan Magne køyrer møk og Torunn mjølkar kyr.
Det er fortsatt for blaut til å køyre utpå marka med traktor og tankvogn, så kanona blir godt brukt.
Me håpar alle hadde ei fin feiring av 17.mai i går. Me var heime og hadde besøk av eit vennepar. Rømmegraut og hot dog (pølser i brød) som seg hør og bør på 17.mai. :)

torsdag 16. mai 2013

780 Rosa er fødd


I går kveld vart vesle Rosa fødd. Ein stor kvigekalv.
Mora er 609 og faren er 10544 Tranmæl.
Rosa er eit av namna me fekk forslag om då me spurde etter namn til Freia og Guddlo.

 609 kalva medan Jan Magne mjølka i går kveld.
Ei anna ku tok seg av sleikinga og tørkinga av henne, då mora var lite interessert sjølv.

 Ask er nysgjerrig og lurer på kva som skjer.

 Ask og Mumrik lurer på kva bonden held på med i dag.

Det er altfor bløtt til å køyre utpå med tankvogn og traktor så i desperasjon i dag har Jan Magne sortert rundballeplast som skal til gjenvinning. I tillegg har det vert for mykje vind i dag, så han har heller ikkje kunna brukt kanon. Me håpar på ei helg med sol og varme så det tørkar opp og håpar det vert vindstille neste veke, elles vert det mange brune hus på Fonnes og i Leirvågen. :)
Graset bør ikkje kome så mykje lenger no før me får møka utpå marka for då vil møka legge seg på bladverket på graset og ikkje trekke ned i jorda, og dermed vert det med inn i rundballen og inn på fôrbrettet til dyra når rundballen vert tatt i bruk. Dette vil igjen føre til sporer i mjølka som vil redusere mjølkekvaliteten. Det er smørsyrebakterien og sporer av smørsyrebakterien som er årsaken til dette. Den fins, først og fremst, i jord og i husdyrgjødsel.

Me vil ønskje alle ei riktig fin 17.mai feiring i morgon!

mandag 13. mai 2013

Prøvetaking

 Eit av dei to bretta med enkeltprøvar som vart sendt til Tine i dagtidleg.
I går var det tid for prøvetaking igjen. Det vert tatt prøve av kvar enkelt ku og dette blir sendt inn til Tine sitt laboratorium. Prøvane vert sendt med mjølkebilen. På desse prøvane vert det målt feitt, protein, laktose, celletal, urea og frie feittsyrer (FFA). Alle desse verdiane skal på samlemjølka (mjølk frå alle kyrne på tanken) vere innanfor referanseverdiar som gjer at ein leverer elitemjølk. 
Tankbilsjåføren tar ut samleprøvar frå tanken om lag to gongar i månaden og om lag annakvar månad skal bonden sjølv ta ut enkeltprøvar frå kyrne, og oftare dersom det er problem i besetninga. På den måten får ein sett på verdiane i mjølka til kvar ku og kan sette inn tiltak dersom det er naudsynt.

 I tillegg vert mjølka frå kvar ku vegt ein gong i månaden. I eit lausdriftfjøs vert mjølka vegd kvar dag, og ein treng berre skrive ut ei liste frå pc´en, men det må likevel sjekkast at lista er korrekt. Desse vegingane legg ein inn i kukontrollen, som er det sentrale systemet for datainnsamling på dyr i mjølkeproduksjon. Kukontrollen vert drifta og utvikla av TINE rådgjeving. Kukontrollen vert bl.a. nytta til rådgjeving rundt styring og drift av den enkelte garden, avlsarbeid, forskning og storferegisteret. Det er litt meir stress å ta prøvar i ein lausdriftfjøs enn i ein båsfjøs. I ein båsfjøs står kyrne i ro og du får tatt prøven før du går vidare til neste ku. I ein lausdrift må ein lage seg eit godt system, for enkelte kyr forsvinn ut av "båsen" så snart dei er ferdigmjølka og porten er opna. Og før du har fått sukk for deg er ei ny ku komen inn og det står eit nytt kunummer på displayet. Har ein ikkje då eit system anar ein ikkje kven mjølka i behaldaren er frå. Prøvetakinga kan med andre ord få opp blodtrykket litt. :)

 Den verdien som oftast varierer mest i mjølka til ei ku er celletalet. Celletalet vert påverka av infeksjonsnivået, nyinfeksjonsnivået, talet på mastittar (jurbetennelsar), lengda på mastittane, mjølkeutstyr, mjølketeknikk, mjølkehygiene, fôring og miljøfaktorar. For å få levere elitemjølk må samlemjølka på tanken ha ein celletalsverdi på under 225.000 celler/ml. Det gjer at det er viktig med enkeltprøvar for å sjå om det er nokre kyr som ligg høgt i celletal. Dersom det er det kan desse lage trøbbel på samlemjølka, og det kan lønne seg å utsjalte desse, sintidsbehandle dei dersom dei er nær sintida, bruke dei som ammekyr eller evt fôre kalvane med mjølka.
Definisjon henta frå storfehelse.tine.no.
Celletall er antall celler per milliliter melk. Melk inneholder alltid et visst antall celler; hvite blodceller og avslitte jurceller. Kua mobiliserer hvite blodlegemer fra blod til melk ved en infeksjon eller ved en fysisk belastning for å forsvare seg (betennelsesreaksjon). Det er disse cellene som bidrar til økt celletall. Normalt celletall i melk hos norske kyr er 10.000-50.000 celler/ml.

Når ein tar prøvar ved eit mjølkestell kjem det litt og litt mjølk gjennom heile mjølkingsperioden ned i denne behaldaren (den er kun i bruk ved prøvetaking). Når kua er ferdig mjølka vrir ein på dette glaset så mjølka blandar seg, før ein syg opp overskotet og til slutt slepp ned det som er att i prøvetakingsglaset (sjå det øvste biletet), som tar 40ml mjølk. Dette vert sendt inn til TINE.

 Prøvetakaren

På laurdag vart Freia solgt og i dag vart ei ku med dårleg fruktbarheit og fem oksar solgt til slakt til Nortura Førde. Det tynnast i fjøsane no. Det har vore ein del feil vindretning i dag slik at det ikkje har vore mogeleg å køyre ut møk med kanon, dessverre. Hadde det regna mindre kunne ein ha køyrd utpå marka med Doff´en og brukt bladspreiar. De skal få sjå bilete av dette dersom det lar seg gjere no på våronna, viss ikkje krysser me i allefall fingrane for at me får tatt i bruk både Doff´en og bladspreiaren mellom slåttane.

lørdag 11. mai 2013

Endeleg er det vår!

 I går var me endeleg i gong med våronna etter lengre tid med tele i jorda og så regn.
Far til Jan Magne starta med direktesåing for å reparere enkelte jorder der graset har dødd ut og det må såast på nytt på enkeltområder. 
 Til dette brukar me ei UTI Underhaug direktesåmaskin.
I år brukar me fleirårig raigras då den har ein raskare vekstperiode.
 Nærbilete av maskina.

 Jan Magne starta med møkakøyring på slåttemarka i går, beitene er me ferdige med for ei stund sidan.
Her har tankvogna nettopp blitt fyllt opp med møk, og det skal køyrast ut ca 100 lass som dette.
Det vert brukt ei Reime kombivogn, 12 kubikk.
 Det er altfor vått å køyre utpå marka, så i år blir det brukt møkakanon. Jan Magne drøymer om slangespreiar, og det vert eit mogeleg innkjøp til neste år. Til vanleg brukar me ein Doff X3, 3 kubikk, til å køyre ut på marka med, då den er mykje lettare og pakkar jorda mindre saman. Doff´en nærmar seg vel etterkvart pensjonistlivet då den er godt sliten og det er umogeleg å få tak i delar til den.
 Det er viktig med tynn møk fordi det er enklare å spreie ut på marka og plantane tar det lettare og raskare opp.
 New Holland-treff
 Far og son diskuterer årets møkakøyring og kven som skal køyre kor.

Med denne tankvogna og møkakanona rekk ein om lag 60-70 meter.
Far til Jan Magne har spreidd møk på den delen nærast vegen med ei Reime 6000 (6 kubikk), og Jan Magne spreier på det lengst frå vegen. Først eit lass på marka og så eit lass kombinert mark- og beitespreiing. Dette er det beitet som me slepp kyrne sist på.

På torsdag, då me gjekk tur med Scott, kommenterte me begge to at bjørka framleis ikkje var blitt grøn og begge tenkte at det spørs om det i det heile tatt skjer til 17.mai. I går var sola framme og varma og bjørka vart faktisk grøn! No gler me oss over alt som spirer og gror.