søndag 26. mai 2013

Det er kjekt med god hjelp!

 I dag har me vore så heldige at me har fått besøk heilt frå Kirkenes!
Eine søstra til Torunn, Berit, og eldste sonen hennar, Håvard, på 13 år kom med fly frå det flotte nord i dag. Håvard gjekk rett i fjøsen med onkelen på kvelden. Han kosar seg i fjøsen og har blitt kjempeflink! Mjølkar alle kyrne og hugsar det meste sidan han var her sist i oktober. Over ser du bilete av då han lagar klar spon til å strø i lausdriften til kyrne.

 Her vaskar han ei ku rein på juret og gjer ho klar til mjølking.

 Påsetting av organ til mjølking.
Det er godt med så god hjelp i fjøsen.

 Flotte, hjelpsomme drengen!
Me krysser fingrar for at han vert den nye sommaravløysaren vår om nokre år. :)

465 kvilar seg medan ho vert mjølka.

I går vart me ferdig med kunstgjødninga og svogeren vår, Dag, starta å bryte opp eit atlegg i Leirvågen. Jan Magne har grøfta opp ei mark på om lag 10 daa i vinter i lag med Dag og ein annan. Det var då om lag 30 cm med tele i jorda og grøftene er 120 cm på det djupaste, men snittet er på 80 cm. Det var for mykje tele i jorda til å få brutt opp heile stykket. I går starta Dag å bryte opp atlegget, det vil seie at han vha gravemaskin graver heile marka opp heilt ned til grøftedjupna. Dette for å få sand, silt og litt leire opp i toppen. Ein får samstundes ordentleg med luft i jordlaga. Jan Magne skal fortsette med dette no i veka. Me håpar på å få sådd dette til i løpet av juni.

Me har fått litt tilbakemeldingar angåande kommentarfeltet. Dersom du ikkje har google (gmail) eller wordpress konto eller liknande kan du legge inn kommentar ved å velge profil; Navn/nettadresse. Dersom du ikkje har nettadresse, legg du kun inn navn og så legg inn ein kommentar. Då får me opp namnet ditt i stadenfor anonym. ;) Me vert veldig glade om de vil legge inn kommentarar og ekstra glade om de legg inn på denne måten og ikkje som anonym. ;)

3 kommentarer:

  1. Reidar Konglevoll26. mai 2013 kl. 22:49

    Kor flink dreng de har fått !!

    SvarSlett
  2. Ja, ikkje sant? Det er kjekt når han held interessa oppe og fortsatt vil vere med. Ofte ramlar dei av lasset når dei vert eldre. Håvard har vel helst auka interessa etter kvart og ekstra kjekt når han får lov til å gjere noko og samstundes skjønar at han faktisk er til hjelp. Det er stas! Han var på beina i dag tidleg og og hjalp onkelen å mjølke. Veldig kjekt!

    SvarSlett
  3. Så kjekt med utsikter til god sommeravløser :)
    Slikt må en ta vare på.
    Moro når de trives i fjøset :)

    SvarSlett