fredag 24. mai 2013

Gjødsling

 Då er endeleg gjødslinga i gong!
Graset er kome for langt no, så det kan ikkje spreiast ut meir møk før mellom slåttane. 
Kunstgjødninga er dyr, men det må brukast dersom ein skal få nok avling då den har kraftigare samansetnad av næringsstoff enn det møka har.

 Her står Jan Magne klar med ein storsekk med 22-2-12 og ventar på at faren, Hans, skal kome med gjødselspreiaren for påfyll. Hans hadde lyst til å køyre ut gjødninga i dag så Jan Magne fyller opp spreiaren etterkvart. Spreiaren tar akkurat ein storsekk med gjødsel.
Scott er sjølvsagt med. :) I dag er det strålande sol og blå himmel, men 15 grader og ein nordavind som gjer det noko kaldare. Det er flott ver for gjødsling, og så håpar me på litt regn slik at kunstgjødninga får ordentleg kontakt med jorda.

 "Fatter´n i farta" :)

 Her fyllast spreiaren opp med ein storsekk med NPK 22-2-12.
Kunstgjødninga består av nitrogen (N), fosfor (P) og kalium (K), dette er hovudstoffa. Resten er ulike andre næringsstoff. Tala angir, som oftast, den prosentvise samansetnaden av dei ulike næringsstoffa. Denne gjødninga, NPK 22-2-12, er samansett av 22% nitrogen, 2% fosfor og 12% kalium. Der det har vore møk på marka brukar ein, som oftast, NPK 22-2-12, medan der ein ikkje har brukt møk brukar ein NPK 18-3-15. I tillegg tar ein jordprøvar kvart fjerde år og i samråd med Norsk Landbruksrådgjevning set ein opp ny gjødselplan. Det vert då vurdert kva type gjødsel ein skal bruke på kvar mark.

 Her er gjødningen kome i spreiaren og er klar til å køyrast ut.

Denne marka er her ferdig og du ser såvidt hjulspora etter traktoren.

For om lag to veker sidan tok me mjølkeprøvar av kvar ku og sendte inn til TINE, då me fekk resultata tilbake viste det seg at ei ku hadde eit skyhøgt celletal! I tillegg var det fire til som låg noko for høgt. Den med høgast celletal har sidan det blitt mjølka på spann og mjølka har gått til kalvane. Ho har ingen teikn på jurbetennelse (mastitt), med t.d. slintrar i mjølka, hardt og raudt jur, feber eller dårleg matlyst. Ho er frisk og fin, men har eit høgt celletal. Av desse fem kyrne tok me ut speneprøvar på tysdag kveld. Det er då ein prøve frå kvar spene på kvar ku som sendast inn til analyse til Veterinærinstituttet der dei sjekkar for bakteriar og resistens. Mjølkeprøvane og celletal kan du lese meir om her. Det vert spanande å sjå kva resultata vert. 

1 kommentar: