onsdag 12. juni 2013

Attlegg på 1-2-3

 Vel, det er vel å ta litt hardt i at eit attlegg er gjort på 1-2-3, men her skal de få sjå litt stegvis korleis det vert gjort. Ofte når ein skal snu om ei slåttemark til eit attlegg startar ein med å brakke, det vil seie at ein først drep alt graset ved hjelp av eit ugrasmiddel som og tar graset. Evt kan ein starte med å pløye dersom ein ikkje har grunne grøfter, for då snur ein grasrota med ein gong, og treng dermed ikkje å brakke først. Her på denne kanten av landet er det mange grunne grøfter og det er sjeldan at plogen blir brukt. Pløyer ein då vil ein øydelegge grøftene.
Viss du vil sjå starten av "vegen mot eit attlegg" på denne slåttemarka vår, kan du ta ein kikk her
Dersom ein ikkje treng grøfte så går ein rett frå brakking til harving, eller dersom ein har mogelegheit til å pløye brukar ein ein slodd i stadenfor ein harv, dette fordi det er lett for å snu grasrota igjen med harven. Vidare under her kjem det punktvis kva me har gjort. :)

1. Slodding
Over ser du bilete av slodding.
Ved hjelp av ein slodd jamnar ein ut jorda.

 Bilete av attlegget og nokre steinar som kjem opp.
Når ein sloddar kjem det og ofte opp ein del steinar, dei største her må plukkast vekk.

 2. Steinplukking
Det må plukkast vekk all den største steinen før ein kan jobbe vidare med jorda.
Det vart om lag 10 slike skuffer med stein.

 3. Skjellsand
Ein kollega tilbaud seg å køyre ut skjellsand.
Skjellsand køyrer ein på for å få opp pH´en i jorda.
Over ser du bilete av når skjellsand vert lasta opp i spreiaren.

 Skjellsandspreiing.

 4. Møkakøyring
Deretter må møka køyrast ut på jorda slik at ein får gjødsla og såfrøa får næring.

 Den største møkavogna brukar me til å frakte møk heimifrå og til Leirvågen med. Det er om lag 7 km køyring. Møka blir lasta over i Doff´en og blir køyrt ut på jorda med denne. Det går fire Doffelass i den store vogna.

 5. Harving
Etter møkakøyringa må møka blandast inn i jorda.
Dette gjer ein ved hjelp av ein harv, samstundes som ein sletter litt i jorda og lagar klart eit såbed.
Når ein harvar slik kjem det og gjerne opp noko meir stein, så det må gåast over igjen seinare å plukke resten av steinen.

 6. Såing
Så sår ein ut frø. :)
Det vert sådd med 3-4 kg frø/daa
I denne blandinga er det timotei, engsvingel, fleirårig raigras, kløver og sikkert noko meir. :)
Som de kanskje ser så brukar me ei anna såmaskin her enn me brukte i eit tidlegare innlegg. Dette fordi den andre, direktesåmaskina, vil berre skubbe jorda framfor seg og er best å bruke der det allereie er gras. Altså til å så i der noko gras har gått ut i løpet av vinteren. Såmaskina som er brukt her er betre å bruke ved attlegg og legg såfrøa ned i jorda.
No var klokka nærmare 2230 då denne prosessen starta.
Me er så heldige at Jan Magne har ein far som er temmeleg sprek og hjelper mykje til,
men det er ikkje alltid han klarer å hugse på at han er litt eldre og kanskje bør ta seg ein pause eller, rett og slett, ta kveld. På dette tidspunktet endte Torunn opp med å køyre i Leirvågen å hente han og beordre han heim. ;) Han var ikkje heilt enig, men eg vil tru det gjorde godt å kome heim og sove.

7. Tromling
Til slutt tromlar ein for at frøa skal få god kontakt med jorda.
Jan Magne var ferdig i 2-tida i natt. Då var det godt å kome heim og ete og sove.
Lysa i bakgrunnen på biletet er flammane på Oljeraffineriet på Mongstad.
Dagen i dag har vore litt rolegare, men det har no gått i eitt likevel.
Kyrne har fått kome ut og eit innlegg med film om det kjem i morgon. ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar