mandag 30. september 2013

Ein lang pause


Me har hatt ein lang pause no, og det er på tide med ei lita oppdatering. August og september har rast avgarde og bloggen har hamna litt i bakleksa. Me har som mål å prøve og oppdatere nokre gongar i veka, men i periodar vert det dessverre ikkje slik. Bloggen skal vere kjekt, ikkje eit ork. Mykje har skjedd i løpet av denne tida.
I juli vart det fødd 10 kalvar, 4 i august og 2 i september. Over ser de bilete av 362 Gulo og kalven hennar, 796 Gunnar. Han vart fødd 13.september. Gulo er ei snill mor og fekk gå i lag med kalven i to døger i kalvingsbingen. Gulo si oldemor vart kjøpt frå Gulen og fekk namnet Gulo. Namnet har dermed gått i arv. Me har og kjøpt ei ku 647 som har fått namnet Herline etter kollegaen me kjøpte kua av. Ho fekk kalven 795 Heidi som vart fødd 29. august.
Fjøsen har blitt spylt og anna førefallande arbeid har blitt gjort fortløpande. Slåtteutstyret vart reingjort og spylt og kom i hus så snart håslåtten (2.slåtten) var ferdig. Me er kome i gong med litt beiterydding og hausten har begynt å sette sitt preg på skogen og lufta. 
For 14 dagar sidan sendte me ein okse, 5 kyr og to kviger til slakt. Den eine kviga vart slakta då ho kasta kalven og ikkje produserte mjølk i tida etter. Den andre vart slakta då ho var Freemartin. Ei freemartin kvige er ei infertil kvige. Dette skjer ofte når ei kvige vert fødd tvilling i lag med ein oksekalv. Ein tvilling-drektighet hos storfe resulterer ofte i eit felles fosterkrinslaup som fører til byting av celler mellom fostra. Utviklinga av kviga sine reproduksjonsorgan vil blant anna føre til at gonadane utviklast til ei blanding av testiklar og eggstokkar og livmora er underutvikla. Slike individ vert danna i meir enn 90% av tvillingdrektighetane der det er kvige- og oksekalv. Det er aldri kjekt å sende dyr til slakt. Ein får eit forhold til kvart enkelt dyr. Dei har sin eigen personlegdom, kvar og ein av dei, noko som gjer det endå vanskelegare, men samstundes er det ein del av drifta.

20.september hadde me vore gift i 5 år og den 21. reiste me vekk ei veke. Det var godt! I fjor var me kun vekke ei langhelg på hausten, så det var godt å vere vekke ei veke i år. Augustinas kom frå Litauen same morgonen som me reiste for å stelle dyra og reiser heim att i morgontidleg. Det er alltid litt spanande å reise vekk, for det er som oftast då ting går gale. Me kom heim att natt til søndag og på laurdag hadde 792 Tigros, datra til 497, dødd av lungebetennelse. Det var ikkje noko kjekt! Bortsett frå det har det elles gått bra. Lungebetennelse kan i mange tilfeller vere smittsamt, men ingen av dei andre kalvane viser symptom til at dei er sjuke. Tigros vart flytta for seg sjølv i gamlefjøsen så snart det vart oppdaga at ho var sjuk, men til trass for behandling klarte ho seg dessverre ikkje.


I dag har me henta heim fire kviger som nærmar seg kalving. Det er fortsatt 6 kviger og 3 gjeldkyr som går ute på beitet. Ei gjeldku/sinku er ei ku som har slutta å produsere mjølk før neste kalving. Denne perioden vert kalla ein sinperiode og er ein "kvileperiode" mellom to kalvingar. Alle kyr bør ha ein sinperiode på om lag 8 veker før neste kalving. Det er enno godt med mat i beitet og veret er fint og flott no, så dei kosar seg ute. Jan Magne stod og kalla på dei på haugen på hovudbeitet og ein etter ein kom dei fram over haugen og kom trippande heimover.


Her står Jan Magne og Hans i lag med kvigene og gjeldkyrne. Som de ser er dei litt svarte oppetter beina då det har vore ein svært våt sommar og beitene er blaute. Heldigvis er det ikkje så bløtt at dei er svarte langt oppetter beina og buken, då hadde me tatt dei inn alle saman. 


Graset nord på stykket, som var det første me slo på håne (2.slåtten/håslåtten), var kome godt opp att og måtte slåast før vinteren. Du kan lese her om kvifor det vart slått ein del tidlegare enn resten. I dag slo Jan Magne 3.slått her som vart fôrt til kyrne og kyrne elskar nyslått gras! Dei kunne ikkje kome seg fort nok gjennom returgongen etter at dei var blitt mjølka så dei kunne få ete det gode graset.
Tru det eller ei, men i morgon kjem det faktisk eit nytt innlegg. :)

torsdag 5. september 2013

Mat på bordet?


Dagens innlegg i Strilen (kjem i Nordhordland på laurdag).

”Noe av det som imponerte meg mest under familieferien til Norge denne sommeren, var hvordan norske bønder har lykkes under utfordrende omstendigheter. I den fantastiske utsikten fra fjordene kunne familien min og jeg se hvordan jorden har blitt dyrket i landskap ulikt noe vi har sett før.”
– Bill Gates på Noregsferie sommaren 2013 (Dagens Næringsliv 02.09.2013)

Ønskjer du å oppleve det same? Eller ønskjer du eit landskap dominert av kratt og skog?

Dei blå partia ønskjer blant anna å effektivisere landbruket ved å ha større enkeltbruk og samdrifter og dermed ha større produksjon på kvart gardsbruk. I dei sentrale jordbruksområda i Trøndelag, på Jæren og på flatbygdene på Austlandet er hovudsakleg den dyrka jorda samla utanfor fjøsdøra og det er dermed mange store bruk og enklare og billigare å drive jorda.
Den Vestlandske topografien gjer det slik at ein har mange små jordlappar for å få den same mengda med fôr som det ein gjer på gjerne ein i dei sentrale områda.
På denne kanten av landet lever me mellom fjord og fjell og dersom ein vert pressa til å drive større og auke matproduksjonen ved å fjerne kvotetak og konsesjonsgrenser, slik som Høgre og FrP ønskjer, risikerer ein at det vert slutt på mjølkeproduksjonen i Nordhordland og landbruket vert sentralisert. Alle dei små jordlappane og alle dei bratte areala som no vert stelt slik at me har eit flott kulturlandskap å sjå på ender opp med å gro att. Buskar og kratt veks opp til skog, det biologiske mangfaldet vert mindre og mange arbeidsplassar går tapt. Dette gjeld ikkje berre bøndene, men og alle arbeidsplassar i tilknytning til landbruket. Den norske matproduksjonen og landbruket gjev blant anna 90.000 arbeidsplassar for bønder og foredlingsindustri. Samstundes er kvar tiande bedrift i Noreg ei landbruksbedrift.
Vestlandet som kulturlandskap vil etterkvart vere eit mindre attraktivt område for turistane og. Slike kommentarar, som den frå Bill Gates vil me ikkje lenger kunne lese.
Sjølvforsyninga av mat vert redusert for kvart gardsbruk som vert lagt ned. Med stadig aukande folkevekst i verda er det ikkje sjølvsagt at me kan importere all maten frå andre land. Er det riktig at me, i eit så rikt land som Noreg, skal ete opp maten til dei som er fattige og ikkje kan ”fråtse” i alle godene som me har? Bør me ikkje klare å produsere vår eigen mat? Det er kun 3% av det totale arealet vårt som vert nytta til dyrka jord. Sidan 90-talet har eit dyrkbart areal tilsvarande 2100 fotballbaner forsvunne. I Noreg produserer me kun halvparten av maten me treng sjølv, og dette er inkludert fisk.
Gjennom FN-konvensjonen har kvar stat forplikta seg til å sørge for matsikkerheit for sine innbyggjarar. Dersom det vert knapphet på mat i verda vil dei fleste landa innføre eksportforbod og sørge for sitt eige folk.

Landbruket er avhengig av importvern for å sikre matproduksjon i alle delar av landet, ivareta sjølvforsyning og nasjonal matvareberedskap. Kostnadsnivået i Noreg er svært høgt, det er små areal og kort vekstsesong som resulterer i at det er dyrare å produsere mat i Noreg enn i dei fleste andre land. Bøndene er avhengige av ei stønad frå statsbudsjettet skal dei kunne klare å produsere mat i dag slik at Noreg kan vere mest mogeleg sjølvforsynte med mat. Dersom H og FrP kjem til makta risikerer bøndene å gå ned 50-100.000,- kroner i årsinntekt. Dei færraste ønskjer vel å gå ned i løn?
I Noreg vert maten fulgt heile vegen frå bonden, til slakteriet og fabrikken , i butikken og til kjøkkenbordet vårt. Den norske maten er GMO-fri, utan vekstfremjande hormon og Noreg er på verdstoppen i mattryggleik.

Ein må og hugse på at det er dyr ein driv med og ein kan ikkje effektivisere i det uendelege. Eit industrilandbruk er ikkje ønskjeleg med tanke på dyrevelferd. Produksjon fordelt på små- og mellomstore gardar gjev betre dyrehelse ved meir kontakt med dyra og eit lågare smittepress for husdyrsjukdommar.

Det er no ein gong slik at ein kan ikkje ete korkje pengar eller olje!

Godt val!


Jan Magne Keilegavlen
Fungerande leiar, Austrheim/Lindås bondelag